fredag 27. januar 2012

Bergteken

Eg veit at Gud elskar meg med ein uendeleg kjærleik, og at det ikkje er nokon ting eg kan gjere som gjer at denne kjærleiken fell bort eller vert forminska på nokon som helst måte. Det veit eg med heile hjartet, og lever og er fri i. Men det faktum at Gud også er min far har eg slitt litt meir med. Den delen av Hans karakter hadde eg kosta under teppet. At Gud, som ein del av Hans farshjerte, snakkar til sine barn er eg nemleg fullstendig klar over, og har lest og sett i praksis dusinvis av gonger. Det eg dermed ikkje har forstått er kvifor han ikkje ville snakke til meg, slik at eg kunne forstå det. Eg er jo tross alt Hans dyrebare datter; ho som kan stå forann Han, med eit smil om munnen, uten å kjenne seg fordømt, fordi Han har satt meg fri.

Så denne veka har eg letta på teppet, og børsta fram att alle dei tankane og kjenslene eg ikkje kunne forstå. Har praktisk talt pressa meg på Jesus, og trygla Han om å snakke til meg slik at eg kunne forstå det. OG GJETT KVA! Mi fine notatbok med tjukk perm, kor eg skulle skrive ned ord frå Gud, har blitt fylt opp fleire sider dei siste dagane. Alle slags folk har komt til meg med ord frå Gud, og spesielt eit bibelvers har eg fått opptil fleire gonger. I tillegg har eg fått fleire bilder under lovsangen den siste veka. Eg spurte og Gud om Han kunne fortelle meg det same som Han fortalte ein anna i klassen min den morgonen. Då eg konfronterte han med det, var det desse orda Gud hadde minna han på heile veka. I tillegg har eg spurt Gud om ord/bilder som eg kunne teikne/skrive ned som ein oppmuntring til andre. Virkelig spesielt å sjå at Gud kunne bruke meg til å tale så klart inn i andre sine liv, gjennom mine enkle teiknigar og tankar. Og dette er berre byrjinga! Så er eg kanskje Guds dyrebare datter likevel, ikkje berre på liksom. Sjå der ho sitt på steinen og kosar seg! ;)


Bibelverset som har blitt gitt meg av fleire ulike personar denne veka:
Be, og det skal bli gitt dere. Let, og dere skal finne. Bank på, og det skal lukkes opp for dere. For hver den som ber han får, den som leter han finner, og den som banker på skal det lukkes opp for.
Matt 7:7-8

I know that God has this amazing love for me, and that there is nothing I can ever do that will take me away from this, or make him lovig me less. This I know with all my heart, and this makes me comletely free. But the fact that God also is my Heavenly Father is something I have harder to believe in. Because if he is my father, why would he not speak to me?? I have seen it a hundred times, that He speaks to his children, and yet He still doesen't speak to me. At least not as I can understand it. And He is supposed to be my father? 

So this week I'v been speakig out load about it, and pronounced my hunger for His voice! And guess what! My nice notebook has been filled many pages, just in a couple of days. All this people have been coming to me with words from God, and many of them the same. Especially one passage that has been given to me over and over again is Matthew 7:7-8. I also asked God if He could tell me the same that He told someone else this morning. When I went to talk to the person later in the day, it turnes out God has been speaking this words to him all week! I also asked God for picture/encouraging words I could write/draw. And it is amazing to see how God can speak so clarely into someones life trough my simple drawings. And this is just the start! Maybe I'm his precious daughter after all.. See how she is having a good time on the rock! ;)

The passage people kept giving to me:

Ask and it will be given to you; seek and you will find; knock and the door will be opened to you.  For everyone who asks receives; the one who seeks finds; and to the one who knocks, the door will be opened.
matt 7:7-8

torsdag 19. januar 2012

How great is our God?

Ofte tenker eg at akkurat dette Gud, veit eg nok betre enn deg. At eg har litt meir innsikt på det området, og veit kva som er best for meg. Prøver å veilede Han litt.

Men så hugser eg på at han tross alt er skaperen av heile universet. Og at om jorda var ein golfball, ville den største galaxen vert like stor som Mount Everest..! Og på korleis jorda er plassert i perfekt avstand frå sola, for at det skal vere mogleg å ha liv her.  Og korleis Han har satt spor i skaperverket rundt oss. F.eks eit fotografi av galaxen Whirpool som ser slik ut: (ved betraktelig mykje zoom sjølvsagt)


Og på proteinet Laminin, det som binder sammen alle cellene i kroppe vår.

Så då tenker eg heller på dette verset:

Når jeg ser din himmel, et verk av dine fingrer, månen og stjernene som du har satt der, hva er da et menneske, siden du kommer det i hu, et menneskebarn, siden du tar deg av det?
salme 8,4-6

lørdag 14. januar 2012

Palmer i solnedgong utanfor balkongen

For øyeblikket sitt eg utanfor rommet i ein herlig solnedgong. Det var deilig med ein fridag etter ei relativt intens veke. Har lært mykje, og fått mange inntrykk og impulser. Har hatt undervisning om korleis ein best mogleg kan leve saman i eit comunity, og korleis ein bør løse konfliktar som oppstår. Merkar allerede att det er vanskeleg å omtale ting med norske ord når ein er vandt med å bruke dei engelske. Ellers heng eg med relativt bra språkmessig, men merkar at kulturelle ting/figurar/sport er noko får forklart meir enn ein gong. Eg meinar; kven i all verda er Tbow..?? (stjernespelar for Broncos, am.fotball...)

 Angela kosar seg med Hjernetaco!




Har og fått høyre om dei ulike verdiane til ywam, og historien til basen her. Og om korleis Gud heile tida har ordna med penger for å bygge ut, kjøpe område osv.

På onsdag var me downtown Tijuana, der alle prostituerte/ heimlause bur, drikk og rusar seg. Me hadde ein liten apell og kom med mat og vatn. Spesiell opplevelse. Var forberedt på at det skulle verte ein veldig tøff opplevelse, då eg alltid får eit stikk i hjartet når eg hastar forbi narkomane på gata heime i Noreg. Det var utfordrande, men ikkje slik eg hadde trudd. For ein gangs skuld utgjorde eg ein forskjell. Dei stod på rekke og venta på oss då me kom, og var veldig takksamme. Eg snakka med nokre av dei, og dei delte sine historiar. Det kjentes bra å kunne hjelpe dei, sjå dei, og vise at det er nokon som bryr seg.

Ellers har vi utforska Rosaritos gater med brain taco og salsa shots, trent på eit lokalt treningssenter stappa med mexicanere, planta ideer om lovsangsband, spelt bordtennis og høyrt kvarandres historiar. Omtrent halvparten av mine nyeste venner er tidligere drug addicts(amerikanere..), og har virkelig fått oppleve korleis Gud har vore trufast, og radikalt teke dei frå mørkret til lyset.



Rolling the streets of Rosarito!


Sjølv kokken treng kvile! 

Utsikten frå inngongsdøra til rommet vårt...


Og sofaene til å chille i!

Toppunktet i dag var då eg og tre andre hadde med oss take away pizza ned på stranda. Med sol og varme, sand mellom tærne og delfiner som leikte seg i bølgene var det MAGISK!

lørdag 7. januar 2012

Første dag i Tijuana!

Utsikten frå balkongen på rommet den første morgonen

I dag ved frukost fekk eg ei gledesmelding! Bagasjen min var endeleg kommen fram til San Diego, og var klar til å bli henta. I går kveld fekk eg ikkje fekk sove, fordi eg låg og rekna ut kostnadane som eventuelt måtte bli erstatta. Det er derfor med stor tilfredshet at ting endeleg fell på plass på det planet, og eg slepp å låne alt frå mine kjære romkameratar.

Ellers var den fyrste dagen her i TJ over ALL forventning! Basen er veldig stor og fin, og me
har eigen fotballbane, hovedbyggning med ein liten cafè og eit stort fint rom. Eg delar det med tre opne, kjekke jenter frå Minnesota. Til tross for at me berre har hengt ein dag, kjennest det som eg har kjent dei mykje lenger!

Hovudbyggningen frå balkongen vår


I går brukte me for det meste dagen på å bli betre kjent med dei andre som går i DTSklassen min. Foreløpig er me 7 av ein ca 10 trur eg. Totalt bur det vel ein rundt 100 folk her, då ca 10 er bibelskulestudentar og ein heil gjeng er involvert i Homes of hope som driv å bygger hus for dei fattigaste her i TJ.

Me har fått ein liten omvisning på baseområdet, og gått til den nermaste butikken eit steinkast unna. I tillegg har me køyrt til Walmart i Rosrito for å kjøpe det mest naudsynte til bagasjen min dukka opp att. 5-10 min gange ligg også den beste surfestranda i mexico/sørCalifornia, OG EG FEKK SURFE ALLEREDE FØRSTE DAGEN!!!!

I tillegg har eg fått utfordre mine klassekameratar og klasseleiarar i Wii-dans på "game night" i eit hus her i TJ, og tapt og vunne i bordtennis her på basen.                                                                              


Me and my classmates on a coffe shop in Rosarito

Reisa hit vart meir turbulent enn planlagt, då eg kom til London og mista flyet mitt videre. Vart litt deppa når eg fann ut at eg var for sein, for då hadde eg ikkje peiling på kva som ville skje, og om eg i det heile tatt kom meg til Mexico den dagen. Men traff Crepo, som spelar i AIK, svensk fotballiga, og han oppmuntra meg! Så då fekk eg nytt mot, og kunne halde fram reisa til LA og San Diego. På flyet til USA satt eg med ei engelsk jente som var headhunta til New Zealand for å spele Nettball i toppligaen der, så eg følte dette var den store dagen for å bli kjent med toppidrettsutøvarar!                                                
                                                                                          

Og no når eg har fått høyre at bagasjen min har kommen seg trygt fram og, kunne eg nok ikkje hatt det betre. Full av forventning om kva dag nr 2 her ved basen i TJ vil bringe, og med magen full av pannekaker og bacon, er eg meir enn klar for ein ny dag!

ciao!


Meg til venstre ->