onsdag 22. februar 2012

Ensenada!

Denne veka har me tatt turen ned til den andre basen i Ensenada! Dels for å sjå litt meir av området, men også for å ha litt forandring i omgivelsene og å ha litt kvile. Nett som ein liten ferie, tross i at programmet er mykje det same. Denne base er ikkje så fin som den eg vanligvis bur på, men han ligg 20 m frå stranda og sentral i byen. Til samanligning er TJbasen ganske isolert på ein haug, og ei treng bil for å komme seg rundt.

Tross i at basen ikkje kan samanliknast med standaren i TJ, er det ganske fint her og. Dette biletet er tatt frå taket.

 Art er forelesaren vår denne veka, og lærer oss om "the heart of a servant". Bl.a korleis den største i Guds rike er han som tjener, å ikkje gjere ting i di eiga, men i Guds kraft, å halde det du lover, altså å vere ein person med integritet ++
Art er kjent for å alltid kjøpe ein haug med Donuts og x-antall tacoturer for dts'ene han undervise ved. Og i kveld skal vi ha pizza night! De han får betalt for å undervise ei veke dekker omtrent utlegget han har ved å verte oss opp. Ein relativt rappkjefta mann med diabetes, mykje visdom og eit stort hjarte. Ein kan ikkje la vere å bli glad i han! Dette er andre veka han underviser for oss.

FISHTACOS! Ensenada er kjent for sine tacos de pescada world wide, noko eg godt kan forstå, for dette var veldig godt! :)))


Stranda, med to kvite dusjer og ungar som leikar.

 always love

Skate-parken som  ligg rett ved basen (byggningen i bakgrunnen) og lokale ungdommer.

onsdag 15. februar 2012

Give thanks!

"Vær ikke bekymret for noe, men la i alle ting deres bønneønsker komme fram for Gud i bønn og påkallelse med takksigelse! Og Guds fred som overgår all forstand, skal bevare deres hjerter og deres tanker i Kristus Jesus" Fil 4:6-7

Do not be anxious about anything, but in everything by prayer and supplication with thanksgiving let your requests be made known to God. And the peace of God, which surpasses all understanding, will guard your hearts and your minds in Christ Jesus. Phill 4:6-7


"Draumen er å opne min eigen verkstad att!"

Eg tenkte eg ville skrive ein post om Mario i dag! Han er ein av mange papirlause deporterte som bur downtown  i Tijuana, også kalt Zona Northe eller "Red Light district". Eit område prega av mykje narkotika, heimlause, prostituerte kvinner og barn, offer for trafficing og halliker. De fleste som blir deporterte fra USA blir dumpa her, uten papir. Det gjer at mange vert verande, i håp om å få fiksa papira sine og få sjå att resten av familien i usa. For mange av dei tek narkotikaen og prostituerte overhand.

Kvar onsdag kl 1530 står det rundt 100 svoltne, for det meste menn, men også nokre kvinner og ventar på oss. Først fortel me dei om håpet i Jesus, før dei stillar seg i to-tre rekker, klare for dagens måltid.

I dag, då me ankomm, var det ikkje meir en 20-30 som venta på oss. Då eg spurte ein av karane om det, fortalte han at politiet hadde vert veldig aktive dei siste tre dagane, og putta dei fleste i fengsel. Ein gladlaks eg har truffe kvar onsdag eg har vert der, er Mario. Han bur for tida på ein heim for deporterte, og bruker ca 40 til parken i rullestolen sin. For to år sidan blei han deportert etter 10 år i Tennesse i statane. Der var han mekaniker, og hadde sin eigen verkstad. Han er ein av få som klarar å halde seg unna narkotikaen, og klamrar seg til Jesus. Han fortel at det verste med å vera her er politiet. Dei må heile tida flytte seg rundt, for ellers kjem dei og jagar dei, og mange blir tatt utan grunn. Politiets kamp mot narkotikabandane har dei likevel tapt for lenge sidan. Ein er tryggare her om ein har ein venn som dealar narkotika, enn om ein har ein venn som er politi.


Det er alltid ei glede å treffe Mario, og han har alltid eit smil på lur. Draumen min er å opne min eigen verkstad att, seier han, medan håp fyller auga hans.

Før himmelen opna seg, og eg måtte hoppe inn i bilen, traff eg ei ung dame som knuste hjertet mitt. Eg gav ho ein klem, og ho byrja å grine i armane mine. Eg kan berre tenkje meg til alt det ho har opplevd; kor knust hjarte hennar er, korleis menn kan ha behandla ho, dårlege tankar om seg sjølv. Eg vonar eg får treffe ho att neste gong, slik at ho kan dele si historie.

mandag 6. februar 2012

Ofte dommer vi oss sjolv i forhold til vare intensjonar, men andre utifra deira gjerningar


"Ein som ikkje kan tilgje, har gloymd kor mykje Gud har tilgitt han."

Dette utfordrar oss til a leggje ned var eigen stolthet, vare sar, negative kjensler, hevntankar, bitterhet, hat eller ein gjerning som rettferdiggjer den uretten som vart gjort mot ein. Tilgje din bror, slik Gud har tilgitt deg. Bli i Han, slik at Han og kan bli i deg: "Dette har Jeg talt til dere for at min glede skal bli i dere, og DERES GLEDE SKAL BLI FULLKOMMEN!" John 15:11 

Utfordrende, men bra! La oss bygge sterke relasjoner og tilgi folkens!!  Meg og min kjaere bror pa besok hos vare besteforeldre :)))))))))))

English version:
"Often we judge ourselves by our intentions and everyone else by their actions".. "A person who cannot forgive, has forgotten how great a debt God has forgiven them!"
This challenge us to die to our pride, wounds, bad feelings, revenge, bitterness or actions that will pay for the wrongd done to us. Forgive your brother, in the same way God has forgiven you. Remain in Him, so He can remain in you. "This I spoke to you, so My joy would be in you, AND YOUR JOY WOULD BE COMPLETE" John 15:11

Challenging, but good! Let’s buil strong relationships and forgive people! This is me and my dear brother visiting our grandparents 


fredag 3. februar 2012

Outreach!

Vi har nå bedd over kor Gud vil sende oss på Outreach i april og mai, og vi endte opp med PANAMA og DEN DOMIINIKANSKE REPUBLIKK!! Så det skal bli veldig spennende å finne ut meir detaljer over kva me skal gjere der, kor i landet me skal, korleis me skal reise og så videre. Eg veit omtrent ingenting om nokre av destinasjonane, bortsett frå at det er varmt! Og at eg håpar på å sove i hengekøye i alle fall eit par netter :):):)  Den røde prikken er der eg bur no, og pilene viser kor me skal reise.


Oversetteren vår denne veka, ein fra Honduras, delte denne sangen med meg og fortalte om de siste fire årene  sine med Gud. På gudfeldige måter har han vert rundt omkring i 9 land og opplevd allslags forskjellige ting, og Gud har gitt han det han har trengt av penger og mat heile tiden. Chido!



We have now prayed over our outreach destination, and figured out we're going to Panama and the Dominican Republic!! So it's gonna be very exciting to see what God will lead us into there, where in the country we are going and how we're travveling! I know almost nothing about Panama and DR, except it's hot...! I want to sleep in a hammock a couple of nights there :):):):)