lørdag 22. september 2012

Etter midnatt er det berre Malene og kaninar som luskar i mørkret, håpar eg.


Kva er det eigentleg med denne boka, som har forandra heile nasjonar, forandra liv og har rørt ved hjarte gjennom generasjonar? Frå ho vart publisert, og heilt fram til denne dag har folk drepe, rømt, forfølgt og blitt jaga, levd under jorda og brote lovar for boka som så lett støvar ned i våre bokhyller.  Er ho verkeleg verdt å døy for? Kva er det eigentleg som står her, og kvifor går aldri desse 3500 år gamle historiane ut på dato?


Det har vore ei svært innhaldsrik veke, med undervisning, innføring og lekser til etter midnatt. Vi brukar ein induktiv studiemetode, så vi skal gjere observasjonar og små overskrifter til alle avsnitt. Brukar no ca ein times jobbing pr. kapittel, men håpar på å bli veldig mykje meir rutinert etter kvart. I skrivande stund har eg nettopp vakna opp til ein tåkefull, men deilig laurdag morgon og kapittel 21 for mine føter. Det er utfordrande, men fantastisk på same tid. Det er så mange skjulte skattar der inne!  Og voldtekt, incest, drama, sjalusi, sex, krig og kjensler… Og eg er ikkje halvvegs gjennom første bok endå!
Tusen takk til alle som støttar meg for å gjere dette mogleg, de er gull verdt :)