onsdag 31. oktober 2012

Audmjuke Oberstar veks ikkje på tre!


Trollbunden har eg sutte på stolen min denne veka, og suge til meg all informasjonen som eg kunne få! Ein eldrande oberst hadde teke med seg stokken og diverse andre krigsvåpen han hadde grave ut i Israel, og funne vegen inn i teltet vårt. Etter x antal år i det amerikanske forsvaret, og over gjennomsnittet god innsikt i militærstrategi var det umogleg å ikkje sitte klistra til alle historiane hans. Levande fortalte han korleis dei israelske styrkane, under leiing av Josva tok seg fram i terrenget, i det vi får kjenne på dei rustne spydspissane og økser han har grave fram under lag på lag med glymte minner. Me tørka støvet av gamle historiar,  og dukka inn i konfliktar og utfordringar som brått fekk nytt liv. Mykje kan me læra, om me berre sjår oss litt attende! Timane flaug i klasserommet denne veka og kaffien vart kald lenge før eg rakk å drikka han! 




"The Fall of Jerico", bokstavelig talt...