lørdag 17. november 2012

Roberto likar å teikne dyr


Og når han vert stor vil han bli kunstnar. Men denne helga valte han å vera med å byggje hus til kameraten sin i staden. Ein haug med ”gringos” hadde funne vegen over alle fjelltoppane og heilt fram til hans byggefelt. Dei hadde med seg all slags materiale og maling som Roberto visste at om han skulle betale for noko slikt måtte han i alle fall arbeide i minst sju år. No hadde dei akkurat nok til mat. Roberto var så glad for at Aron endeleg fekk ei seng å sove i, at han hjalp til over to heile arbeidsdagar. Nøgd med innsatsen kunne han vere med å feire med kake når vi var ferdig.

Roberto i blått, og Aron i orange

Roberto var for meg eit eksempel på korleis eg vil vera. Han var med og investerte si tid til å hjelpe nokon andre, utan å forvente noko for det. Det inspirerar meg til å vera ein som gir; å vera villig til å ofre frå mi tid og mine pengar for å hjelpe dei som er rundt meg, utan å forvente noko betaling eller anna vinst for det. Dei dagane eg verkeleg har bestemt meg for at i dag skal eg gjere ein verkeleg god innsats for å hjelpe nokon, er dei dagane eg kan gå til sengs mest tilfredstilt og glad.

Takk til de heime i Noreg som er med å støttar det eg gjer her. Utan dykk hadde det ikkje vore mogleg. Takk for at du ville ofre frå di tid, forbønn og pengar, slik at Roberto kunne vere med å byggje hus for kameraten. Det vil også gje han ein meir stabil og tryggare omgivnad å vekse opp i. Og ikkje minst eit håp om ei betre framtid. 

Nesten ferdig!