onsdag 15. februar 2012

"Draumen er å opne min eigen verkstad att!"

Eg tenkte eg ville skrive ein post om Mario i dag! Han er ein av mange papirlause deporterte som bur downtown  i Tijuana, også kalt Zona Northe eller "Red Light district". Eit område prega av mykje narkotika, heimlause, prostituerte kvinner og barn, offer for trafficing og halliker. De fleste som blir deporterte fra USA blir dumpa her, uten papir. Det gjer at mange vert verande, i håp om å få fiksa papira sine og få sjå att resten av familien i usa. For mange av dei tek narkotikaen og prostituerte overhand.

Kvar onsdag kl 1530 står det rundt 100 svoltne, for det meste menn, men også nokre kvinner og ventar på oss. Først fortel me dei om håpet i Jesus, før dei stillar seg i to-tre rekker, klare for dagens måltid.

I dag, då me ankomm, var det ikkje meir en 20-30 som venta på oss. Då eg spurte ein av karane om det, fortalte han at politiet hadde vert veldig aktive dei siste tre dagane, og putta dei fleste i fengsel. Ein gladlaks eg har truffe kvar onsdag eg har vert der, er Mario. Han bur for tida på ein heim for deporterte, og bruker ca 40 til parken i rullestolen sin. For to år sidan blei han deportert etter 10 år i Tennesse i statane. Der var han mekaniker, og hadde sin eigen verkstad. Han er ein av få som klarar å halde seg unna narkotikaen, og klamrar seg til Jesus. Han fortel at det verste med å vera her er politiet. Dei må heile tida flytte seg rundt, for ellers kjem dei og jagar dei, og mange blir tatt utan grunn. Politiets kamp mot narkotikabandane har dei likevel tapt for lenge sidan. Ein er tryggare her om ein har ein venn som dealar narkotika, enn om ein har ein venn som er politi.


Det er alltid ei glede å treffe Mario, og han har alltid eit smil på lur. Draumen min er å opne min eigen verkstad att, seier han, medan håp fyller auga hans.

Før himmelen opna seg, og eg måtte hoppe inn i bilen, traff eg ei ung dame som knuste hjertet mitt. Eg gav ho ein klem, og ho byrja å grine i armane mine. Eg kan berre tenkje meg til alt det ho har opplevd; kor knust hjarte hennar er, korleis menn kan ha behandla ho, dårlege tankar om seg sjølv. Eg vonar eg får treffe ho att neste gong, slik at ho kan dele si historie.

1 kommentar:

  1. Kule mann han der Mario :D Du må hilsa så mye fra life hehe :) Veldig kjekt å lesa ke du gjør på å ke du blir utfordra på Malene!!!! Beste hilsen fra Frank :)

    SvarSlett