onsdag 22. februar 2012

Ensenada!

Denne veka har me tatt turen ned til den andre basen i Ensenada! Dels for å sjå litt meir av området, men også for å ha litt forandring i omgivelsene og å ha litt kvile. Nett som ein liten ferie, tross i at programmet er mykje det same. Denne base er ikkje så fin som den eg vanligvis bur på, men han ligg 20 m frå stranda og sentral i byen. Til samanligning er TJbasen ganske isolert på ein haug, og ei treng bil for å komme seg rundt.

Tross i at basen ikkje kan samanliknast med standaren i TJ, er det ganske fint her og. Dette biletet er tatt frå taket.

 Art er forelesaren vår denne veka, og lærer oss om "the heart of a servant". Bl.a korleis den største i Guds rike er han som tjener, å ikkje gjere ting i di eiga, men i Guds kraft, å halde det du lover, altså å vere ein person med integritet ++
Art er kjent for å alltid kjøpe ein haug med Donuts og x-antall tacoturer for dts'ene han undervise ved. Og i kveld skal vi ha pizza night! De han får betalt for å undervise ei veke dekker omtrent utlegget han har ved å verte oss opp. Ein relativt rappkjefta mann med diabetes, mykje visdom og eit stort hjarte. Ein kan ikkje la vere å bli glad i han! Dette er andre veka han underviser for oss.

FISHTACOS! Ensenada er kjent for sine tacos de pescada world wide, noko eg godt kan forstå, for dette var veldig godt! :)))


Stranda, med to kvite dusjer og ungar som leikar.

 always love

Skate-parken som  ligg rett ved basen (byggningen i bakgrunnen) og lokale ungdommer.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar