onsdag 11. april 2012

PANAMA

Sveitte og gode ankommer me basen i Panama City, etter ein vel 30 min køyretur frå flyplassen. Basen ligg midt i ei fellside, omgitt av skog og kratt. Med fullpakka sekkar kavar me oss opp trappene, medan maura kravlar med halve skogen på ryggen kring beina våre. Snakk om sterke beist! Rundt 22  ramlar me inn i eit av dei 6 husa i fjellsida, eit rom pakka fult med køysenger. Sengene, både topp og botn, flyt over av fnisande tenåringsjenter i pysjamas, klare for å krype i seng. Teamet frå Canada har sin siste kveld her, etter ei vekes misjonstur. Så snublande over ein haug av halvpakka kofferter, finn me eit par ledige senger innerst i rommet. Etter å ha dratt ut lakenet, som sjølvsagt er i botn av sekken, og nypussa tenner, kryp me til sengs. Prosesserande tankar og lyden av durande vifter haldt meg vaken ei stund, men fylte og rommet med ein frisk liten bris. Sakte men sikkert sovna me inn.

I dag har me fått eit lite orienteringsmøte om Panama, og arbeidet her. Over 70% av barna her, veks opp utan ein far tilstede, og omlag samme anntal av alle barn er født i November. Dvs 9 måndeder etter Karnevalet i Februar. Dei fleste jenter blir gravide i ein alder av 13 år, og sluttar derfor og på skulen rundt denne tida. Panama, saman med Chile, har den mest økande økonomien i Latinamerika, men dette har meir med alle dei andre folkegruppene som er tilstede å gjøre. 10 % av populasjonen er fra Kina, dei fleste kjøpesentra blir drevne av jødar eller hinduer og muslimer, medan europeere, sør og nord amerikanere har resten av bedriftene. Koreanere og japanesere har dominans på den tekniske fronten. Ein stor del av befolkningen tror på Gud, men kristne her har fortsatt ein stor jobb framfor seg med å disippelgjøre nasjonen, for å fullføre misjonsbefalingen. Noko av arbeidet UiO har gjort her, er å ha ein kristen skule for unge panamesere. Der fekk dei utdanning og lærte engelsk, og dei fleste fortsatte på college og reiste rundt i verden. Bare 1 av de 36 jentene som gjennomførte dette blei gravide under utdanningen.

Resten av dagen har me, sammen med eit outreach-team frå Kona, malt byggningane og vaska liggeunderlag til jungelturen. Reintida er rett rundt hjørnet, så husa må forberedast for påkjennelsen dette er. Me skal fullføre målinga i morgon, før me drar ut i jungelen på onsdag. Eg likar å vere på outreach! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar