lørdag 17. mars 2012

Er du fri?

Ein av våre strebner her i livet er å søkje lykke, og det å vera fri. Eg har tenkt litt på dette i det siste, kva fridom er for meg. For ein har liksom alle slags definisjonar på kva det vil seie å vera fri. Er ein fri om landet ein bur i er sjølvstendig? Er ein fri om ein har pengar til å gjere det ein vil? Eller er ein fri når ein flyttar heimefrå? Er du fri når det ikkje er nokon som er avhengig av deg, eller når du får bestemme sjølv?
Mange av desse eksempla er ting eg har tenkt på som ein del av det å vere fri. Men sjølv om desse faktorane har vore tilstede, har eg likevel opplevd å være uten fred i hjertet, bekymra, redd, og opplevd ting som meiningslause og tomme.



Min definisjon har derfor endra seg. Å vera heilt fri:

Å tilgi, for å vera uten bitterhet. Å få tilgivelse, for å vera  uten skyld og fordømmelse. Å elska, for å vera uten hat. Å leva i Hans plan, for å ha meining. Å dra til himmelen, for å ha håp. Å ha ein relasjon som er evig, når andre ikkje er det. Å kunne kvila, sjølv om verden stormar. Å gå i Hans styrke, for å slippe å ta meg saman og fiksa meg sjølv i min eigen styrke.

Å sjå opp til Han med glede, og vite at eg er uten skam, at mitt hjerte og mitt liv er reint.
Ikkje fordi eg aldri har gjort noko galt, men fordi Han har vaska meg og gitt meg livet.

Eg er glad, og eg er heilt fri.
My heart is at peace.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar