lørdag 7. januar 2012

Første dag i Tijuana!

Utsikten frå balkongen på rommet den første morgonen

I dag ved frukost fekk eg ei gledesmelding! Bagasjen min var endeleg kommen fram til San Diego, og var klar til å bli henta. I går kveld fekk eg ikkje fekk sove, fordi eg låg og rekna ut kostnadane som eventuelt måtte bli erstatta. Det er derfor med stor tilfredshet at ting endeleg fell på plass på det planet, og eg slepp å låne alt frå mine kjære romkameratar.

Ellers var den fyrste dagen her i TJ over ALL forventning! Basen er veldig stor og fin, og me
har eigen fotballbane, hovedbyggning med ein liten cafè og eit stort fint rom. Eg delar det med tre opne, kjekke jenter frå Minnesota. Til tross for at me berre har hengt ein dag, kjennest det som eg har kjent dei mykje lenger!

Hovudbyggningen frå balkongen vår


I går brukte me for det meste dagen på å bli betre kjent med dei andre som går i DTSklassen min. Foreløpig er me 7 av ein ca 10 trur eg. Totalt bur det vel ein rundt 100 folk her, då ca 10 er bibelskulestudentar og ein heil gjeng er involvert i Homes of hope som driv å bygger hus for dei fattigaste her i TJ.

Me har fått ein liten omvisning på baseområdet, og gått til den nermaste butikken eit steinkast unna. I tillegg har me køyrt til Walmart i Rosrito for å kjøpe det mest naudsynte til bagasjen min dukka opp att. 5-10 min gange ligg også den beste surfestranda i mexico/sørCalifornia, OG EG FEKK SURFE ALLEREDE FØRSTE DAGEN!!!!

I tillegg har eg fått utfordre mine klassekameratar og klasseleiarar i Wii-dans på "game night" i eit hus her i TJ, og tapt og vunne i bordtennis her på basen.                                                                              


Me and my classmates on a coffe shop in Rosarito

Reisa hit vart meir turbulent enn planlagt, då eg kom til London og mista flyet mitt videre. Vart litt deppa når eg fann ut at eg var for sein, for då hadde eg ikkje peiling på kva som ville skje, og om eg i det heile tatt kom meg til Mexico den dagen. Men traff Crepo, som spelar i AIK, svensk fotballiga, og han oppmuntra meg! Så då fekk eg nytt mot, og kunne halde fram reisa til LA og San Diego. På flyet til USA satt eg med ei engelsk jente som var headhunta til New Zealand for å spele Nettball i toppligaen der, så eg følte dette var den store dagen for å bli kjent med toppidrettsutøvarar!                                                
                                                                                          

Og no når eg har fått høyre at bagasjen min har kommen seg trygt fram og, kunne eg nok ikkje hatt det betre. Full av forventning om kva dag nr 2 her ved basen i TJ vil bringe, og med magen full av pannekaker og bacon, er eg meir enn klar for ein ny dag!

ciao!


Meg til venstre ->

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar