lørdag 14. januar 2012

Palmer i solnedgong utanfor balkongen

For øyeblikket sitt eg utanfor rommet i ein herlig solnedgong. Det var deilig med ein fridag etter ei relativt intens veke. Har lært mykje, og fått mange inntrykk og impulser. Har hatt undervisning om korleis ein best mogleg kan leve saman i eit comunity, og korleis ein bør løse konfliktar som oppstår. Merkar allerede att det er vanskeleg å omtale ting med norske ord når ein er vandt med å bruke dei engelske. Ellers heng eg med relativt bra språkmessig, men merkar at kulturelle ting/figurar/sport er noko får forklart meir enn ein gong. Eg meinar; kven i all verda er Tbow..?? (stjernespelar for Broncos, am.fotball...)

 Angela kosar seg med Hjernetaco!




Har og fått høyre om dei ulike verdiane til ywam, og historien til basen her. Og om korleis Gud heile tida har ordna med penger for å bygge ut, kjøpe område osv.

På onsdag var me downtown Tijuana, der alle prostituerte/ heimlause bur, drikk og rusar seg. Me hadde ein liten apell og kom med mat og vatn. Spesiell opplevelse. Var forberedt på at det skulle verte ein veldig tøff opplevelse, då eg alltid får eit stikk i hjartet når eg hastar forbi narkomane på gata heime i Noreg. Det var utfordrande, men ikkje slik eg hadde trudd. For ein gangs skuld utgjorde eg ein forskjell. Dei stod på rekke og venta på oss då me kom, og var veldig takksamme. Eg snakka med nokre av dei, og dei delte sine historiar. Det kjentes bra å kunne hjelpe dei, sjå dei, og vise at det er nokon som bryr seg.

Ellers har vi utforska Rosaritos gater med brain taco og salsa shots, trent på eit lokalt treningssenter stappa med mexicanere, planta ideer om lovsangsband, spelt bordtennis og høyrt kvarandres historiar. Omtrent halvparten av mine nyeste venner er tidligere drug addicts(amerikanere..), og har virkelig fått oppleve korleis Gud har vore trufast, og radikalt teke dei frå mørkret til lyset.



Rolling the streets of Rosarito!


Sjølv kokken treng kvile! 

Utsikten frå inngongsdøra til rommet vårt...


Og sofaene til å chille i!

Toppunktet i dag var då eg og tre andre hadde med oss take away pizza ned på stranda. Med sol og varme, sand mellom tærne og delfiner som leikte seg i bølgene var det MAGISK!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar